Om oss

Vimpelverkstedet består av Synne, June, Torunn og Amalie. 

Det heile starta vinteren 2022, då Synne skulle planlegge bryllupet sitt. Bryllupet skulle vere ein festival, og til det treng ein sjølvsagt vimplar! Ho kalla inn studiegjengen frå lærarhøgskulen og vi satte i gang med å samle stoff, klippe opp og sy vimpelremser. 

Vi erfarte at vimpelmarknaden var liten og tenkte at det må jo finnast andre som også ønskjer vimplar. Med dette starta tanken om Vimpelverkstedet og plutseleg var vi i gang! Saman med vimplane ønskjer vi og å kunne tilby andre praktikalitetar til ulike arrangement - dette kjem vi attende til. 

SYNNE


Synne er ei kreativ sjel, med eit godt auge for detaljar, planar og alt som kan organiserast. Ho er vår faste brunsjansvarlege, som alltid gløymer kaffien, og den einaste i Vimpelverkstedet som har hatt ein karriere som prisvinnande festivalarrangør! Når det gjeld å sette opp og holde oss all til tidsfristar er det Synne som tek ansvar. 

JUNE


June har ved fleire anledningar blitt teken for å vere ei "mini-Synne" - og ikkje utan grunn, for dei deler fleire eigenskapar og utfyller kvarandre godt. Der Synne tek ansvar for planane, sørger June for at dei er oversiktlege og visuelt tilfredsstillande. Takka vere June har vi ein ryddig og fargekoordinert google disk, full av malar, tips og triks vi ikkje visste vi sakna. June får ofte gjengen til å le, kanskje aller mest når ho får skryt og taklar det DÅRLEG.


TORUNN


Torunn er vår naturlege kommunikasjonssjef - ho sørgar for at informasjonen utad er informativ, passe gøyal og sjølvsagt: korrekt nynorsk. På sosiale media, der Synne og June sine 83 år gamle sjeler ikkje strekk til, tek ho ansvar for å halde verda oppdatert på kva vi driv på med. Når June helst vil forsvinne inn i ein vegg, stiller Torunn opp for å ta i mot all skryten June ikkje taklar. 

 

AMALIE


Amalie er den mest komplekse og samansette i Vimpelverkstedet. Ho er alltid klar for ei oppgåve og er utan tvil den mest alsidige av oss! Amalie sørgar for at tidsfristane til Synne blir nådde, stepper inn når June overfokuserer på det visuelle og kan bidra når Torunn vil ha ein samtalepartnar om korrekturlesing og rettskriving. Vi likar å beskrive Amalie som anvendelig, men på ingen måte alminnelig.